Hopp til innhold

Junior NM I i Bavallen

Jølster Alpin arrangerte JR1NM i slalåm måndag 10. mars i Bavallen på Voss

Rennet gjekk frå toppen av Bavallsheisen og ned til Runebu. 125 løparar stilte til start tilsaman i JRNM og FIS rennet. Forholda var bra øverst, og Voss/Ørnar Alpin/Voss Resort hadde gjort ein god jobb med underlaget, og Jølster fekk god hjelp frå lokalklubben i høve avvikling av rennet. Dette var 5. året Jølster Alpin arrangerte FIS renn, og det var såleis synd at vi måtte ut av Jølster Skisenter for å få avvikla dette. Jølster Alpin har ein solid rennstab, og 18 funksjonærar tok turen frå Jølster til Voss søndag kveld, for å stå tidleg opp for å arrangere renn. Jølster Alpin ynskjer alle velkomne tilbake neste år.

 

Resultat