FIS-TV
http://www.skiforbundet.no/Style%20Library/Images/ForsideTopp.gif

Foran til høyre: Jan Einar Thorsen og Synva Vinje frå Voss Resort, Sølvi Vetaas lærar for 7. klasse, Borghild Haugo Ure frå Ski NM Voss og Frank Juklestad frå Åsnes. Foto: Ørjan Brattetveit

 
    Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 Visste du at...

....Norge er den mestvinnende nasjon i vinter-OL fra 1924-2006?

 Tips en venn

Tips en venn om denne artikkelen. Fyll ut informasjonen under og klikk på send.
 
Kva skule er sprekast i Hordaland?
Skrevet av: Claes-Tommy Herland/ Ski-NM Voss
Sist oppdatert 07.11.2011 00:00
Ski-NM på Voss ynskjer å bruka NM som ein motivasjon til fysisk aktivitet. Derfor gjennomfører me aksjonen ”Folk i form til NM”.

Til vinteren skal det arrangerast NM på ski i langrenn, hopp og kombinert på Voss. Dette er Noregs største vinteridrettsarrangement og ein stor folkefest. Me ventar mange tusen tilskodarar, mange av dei er skuleklassar.

 

Målet er å få med alle skuleklassar i Hordaland. Elevane skal stimulerast til mest mogleg fysisk aktivitet. Her er det fine deltakarpremiar og premiering til beste klasse i kvart årssteg. Folk i form til NM er ein enkel og positiv aktivitet og tilrettelagt for å kunna integrerast i skulekvardagen. I tillegg får klassane bonuspoeng for elevane sin aktivitet på fritida.

 

Premiar
Det vankar både deltakarpremiar og premiar for beste skule og klasse. Premieutdelinga skjer under ski-NM. Åsnes deler ut 500 par ski. Voss Resort i Bavallen gir straks etter registrering ut gratis sesongkort i sitt alpinanlegg som deltakarpremie til alle  elevar i 4. klasse. Tide Reiser stiller med gratis transport til skidagen på Voss til vinnarklassane.

• Det blir premie til beste klasse i kvart årssteg.
• Det blir premie til beste skule.
• Diplom til alle deltakarane!

 

4. klasse
Me ynskjer spesielt å motivera alle 4. klassingane til å delta. Dei er midt i sin motoriske gullalder, og er klare for positive ski-opplevingar.
 
I samarbeid med Voss Resort i Bavallen gjev me difor eit gratis sesongkort for alpinsesongen 2011/2012 til alle elevane i 4. klasse som registrerer seg. I tillegg legg me til rette ein skidag for alle skulane som ynskjer ta med sine 4. klassar til Voss. Det er valfritt om klassen besøkjer langrennsarenaen Voss ski- og tursenter eller alpinanlegget hjå Voss Resort. Me bidreg med instruktør og utlån av skiutstyr.
 

Konkurransereglar
Kvar elev registrer sin aktivitet kvar dag. Kontaktlærar registrerer klassen sin aktivitet kvar veke.
Dei ulike aktivitetane gjev poeng avhengig av kor lang tid kvar aktivitet varer etter fylgjande tabell:


Aktiviet på skulen:
Ballspel 10 min = 2 poeng
Hoppetau 10 min  = 3 poeng
Gym 10 min = 4 poeng
Gå/sykla til frå skulen 10 min = 1 poeng

Aktivitet på fritida
Individuell trening 10 min = 3 poeng
Lagidrett 10 min = 2 poeng
Fysisk leik 10 min = 1 poeng
Kvar elev/kontaktlærar skal kunna registrera tida. Poenga blir automatisk berekna. Registrering skjer på www.bt.no, her får du også tabell og resultatoversikt.
Velkomstpakke
Alle klassane som melder seg på får ein velkomstpakke.
Velkomstpakken inneheld:
• Konkurransereglar.
• Kalender for aktivitetsregistrering.
• Lærarhefte som beskriv korleis ”Folk i form til NM” kan integrerast i undervisninga.
• Informasjonsskriv til elevane.

 

 

Registrering
Kvar klasse melder seg på via www.skinmvoss.no
Påmeldingsfrist er 11. november.
Konkurransen startar 21. november og varer fram til 20. januar.

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.