FIS-TV
http://www.skiforbundet.no/Style%20Library/Images/ForsideTopp.gif
    Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 Visste du at...

...Norge vant gull i stafett for damer i OL i Grenoble 1968?

 Tips en venn

Tips en venn om denne artikkelen. Fyll ut informasjonen under og klikk på send.
 
Styrkjer energisamarbeidet
Skrevet av: Claes-Tommy Herland/Utenriksdepartementet
Sist oppdatert 30.01.2012 00:00
Hoppsporten styrkjer energisamarbeidet mellom Noreg og Austerrike.


Fra venstre: Clas Brede Bråthen (Norges Skiforbund), Hroar Stjernen (Norges Skiforbund), moderator Michael Roscher (ORF), Jan Petersen (ambassaden), Toni Innauer (Østerrikes Skiforbund – ÖSV) og Hubert Neuper (arrangementssjef Kulm). Foto: Ambassaden i Wien.

 

 

 

Både Noreg og Austerrike har ambisiøse mål og mykje å lære av kvarandre i utviklinga av rein og fornybar energi. Under skiflygingsrennet i Kulm sist helg, diskuterte fagfolk kompetanseutveksling og konkrete samarbeidsprosjekt innan fornybar energi. Og i hoppbakken var det Noregsprofilering då film om Vikersund og VM 2012 blei vist for 50.000 tilskoderar.

 

Deltakarane på energiseminaret kom frå både private og offentlege bedrifter i Noreg og Austerrike: Innovasjon Norge, NVE, Enova, Energi Norge, Småkraftforeningen m.fl. og deira kollegaer i vertslandet.

 
Møtet var ein del av det årlege samarbeidet mellom den norske ambassaden i Wien og Norges Skiforbund der hoppsporten blir brukt som arena for omdømmearbeid å næringsfremme. Under overskrifta ”samspel med naturkreftene” kopla ambassaden og NSF skisporten og fornybar energi saman for å profilere Noreg som både hoppnasjon og energinasjon. Og med Anders Bardals første og tredjeplass, og Vikersund-reklame i bakken, sette Noreg på fleire måtar sitt preg på skiflygingsrennet i Kulm.  

 

Hopperne jobber med naturkreftene
- Vi er glade og stolte over samarbeidet med ambassaden, og årets tema fornybar energi og naturkrefter passer godt sammen med hoppsporten. Hopperne må jobbe med naturkreftene for å omsette energi i lange svev, sa  hoppsjef Clas Brede Bråthen, då han ønskte seminardeltakerane velkomen til skiflygingsrennet i Kulm.

Valet av hopprenn som møteplass for profilering og næringsfremme er bevisst ut frå at sporten er stor både i Noreg og Austerrike, verdas to beste hopplandslag kjem frå landa og ikkje minst, den nye norske landslagstrenaren Alexander Stöckl, er frå Austerrike. Han deltok også i delar av arrangementet.

 

Bioenergi og vannkraft
Hovudtema  i den faglege diskusjonen var bioenergi og vannkraft som bærekraftige energikjelder. Austerrike er eit føregangsland på bioenergi, og ser for seg stor eksport til Tyskland når nabolandet etter planen sluttar med kjernekraft i 2022. Som insentiv til bruk av biomasse, finst det ei statleg tilskotsordning for private hushald som nyttar seg av denne energiforma. Seminardeltakerane meinte at vi har mykje å lære av austerrikerane når det gjeld utviklinga av bioenergi.

Noreg  har sin styrke innan vannkraft sjølv om Austerrike også her har kome langt. Småkraftverka i Austerrike får statleg støtte, noko som ikkje er tilfelle i Noreg. Når det gjeld vasskraft, var begge sider opptekne av å samarbeide om forsking og teknologiutvikling, inkludert miljøteknologi.  Dei er interesserte i tettare samarbeid om korleis utnytte mindre vassdrag og om uutnytta potensial i eksisterande vasskraftverk. Deltakerane var opptatt av at vasskraft ikkje har fått høg nok status som fornybar energi i EU. Begge landa ser også i denne samanhengen til Tyskland, og mogeleg samarbeid etter 2022.

 

Lærte om skiflyging
Generelt er deltakerane innstilt på eit breidt samarbeid innan både bioenergi og vasskraft. Dei vil invitere kvarandre til konferansar og ser for seg felles opplæringstiltak og personellutveksling.

 

Sjølv om fornybar energi var hovudtema, blei det også tid til lære meir om skiflyging. Tidlegare storhopparar som austerrikerane Toni Innauer og Hubert Neuper, saman med våre eigne Hroar Stjernen og Clas Brede Bråthen utgjorde eit panel som diskuterte utviklinga av sporten generelt og kampen mellom Noreg og Austerrike spesielt. Saman med ambassadør Jan Petersen samtala dei også om bruken av hoppsporten som møteplass for omdømme å næringsfremme. Ein kombinasjon også austerrikerane ser som nyttig, og som dei gjerne vil ta del i åra framover.

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.