– Med bakgrunn i forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i oktober, der idretten vart førespegla eit kutt på 10 prosent, er eg nøgd med å få same sum som i fjor, seier idrettspresident Børre Rognlien.
– Idrettsforbundet har jobba målretta og argumentert mot dette kuttet. Den situasjonen som norsk idrett no er i, med dagens tildelingsprosent og usikkerheit om utviklinga i Norsk Tipping, viser at idretten sine rammevilkår ikkje er tilfredsstillande eller tilstrekkeleg føreseielege, framheld Rognlien.
Difor meiner idrettspresidenten at 2012 bør verta eit overgangsår, og at regjeringa trappar opp satsinga på norsk idrett for 2013.
– Norsk idrett står overfor store utfordringar, særlig på anleggssida. Difor vonar eg at regjeringa endrar tippenøkkelen i løpet av 2012 slik den har signalisert. På lang sikt er det ikkje haldbart at tildelingane til idretten står på staden kvil, seier Rognlien.
- Det som er gledeleg med årets tildeling, er at Kulturdepartementet har støtta Idrettsforbundets forslag om å styrke toppidrett for funksjonshemma og satsing på paralympics, seier Rognlien.
Olympiatoppen får 4 millionar kroner meir til dette føremålet i 2012.
Desse midlane vert flytta frå NIF si ordinære grunnstønad.
Fordelinga for 2012 er som følgjer:
Grunnstønad NIF, sentralt og regionalt: Kr 117 mill
Grunnstønad særforbund: Kr 209,5 mill
Barn, ungdom og breidde: kr 131,5 mill
Toppidrett: Kr 108 mill
Totalt: Kr 566 mill