Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 Visste du at...

...Norge hadde 90 WC-seire fra 1971-2007 i alpint?

 Tips en venn

Tips en venn om denne artikkelen. Fyll ut informasjonen under og klikk på send.
 
NC telemark på Geilo 
Skrevet av: Anders Felde 
Sist oppdatert 09.01.2012 00:00 
7 utøvarar frå Sogn og Fjordane var med på norges Cup i telemark på Geilo 7-8 januar

Det er knallhard konkurranse i juniorgruppa, men alle viste god progresjon frå samlinga på Kvitfjell.

 

Sarah Haugen fekk ein sterk 5 plass på fredagens Klassiskrenn. I laurdagens sprintrenn låg ho godt an etter 1 omgang, men eit uhell i 2 omgang medførte at ho enda på ein 7 plass.

 

Gunnhild Sofie Vangsnes kom inn til ein 10 plass på klassisk medan ho etter god køyring men eit uheldig fall i laurdagens sprintrenn enda på 10 plass.

 

Sjur Storevik Moe og Øyvind Vagstad fekk hhv ein 12 og 13 plass på fredagens Klassiskrenn. På laurdag oppnådde Øyvind Vagstad med teknisk god køyring ein 13 plass og Sjur ein 15 plass.

 

I aldersbestemte klassar fekk Andrea Haugen ein 3 plass i klassisk og ein god 2 plass i laurdagens sprintrenn i klasse 12/13 år. Sara Liljedal fekk ein god 4 plass søstera Mari ein 5 plass.

 

På søndagen var det trening ilag med Landslaget der det blei delt opp i grupper og det blei instruert i teknikkutvikling og ulike treningsaktivitetar. Inspirerande, utviklande og morro ifølge deltakarane. Utøvarane har i løpet av helga fått ein god peikepinn og bevisstgjering på kva dei må trene og jobbe med i tida fram til dei neste NC renna i racing (nr 4,5 og 6) som vert NM i Hurdal fyrste helga i mars.

 

På laurdagskvelden var det sosial happening med bla konkurranse i «alle på eit par ski» . SognaDagmar gikk av med seieren etter har konkurranse frå skikretsar frå heile landet. «Sognadagmar» bestod av kaptein  Jan Ole Liljedal, Sarah Haugen, Sjur Storevik Moe og Gunnhild Sofie Vangsnes. Desse gjorde reint bord og stakk av med fire flotte ubrukte kortstokkar til stor begeistring for alle frå Sogn.

 

PS! Alle resultatlister på Skiforbundet skiller ikkje mellom junior og senior grunna at dette var eit FIS renn. Alle i juniorklasse er merka med stjerne. Det blei premiert i i både juniorklassar iht Norgescupen og FIS rennet.

 

Bilder frå Geilo kjem snart.

 

Alle offisiell resultat lister frå NC renna på Geilo kan du laste ned HER

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.
Besøksadresse:
Firdav. 6, Concord
6800 Førde
Postadresse:
Sogn og Fjordane skikrins
P.b. 221
6801 Førde

Telefon: +47 92 60 14 21

Mobil: +47 92 60 14 21

Fax: +47 57 76 12 19

E-post: yngve.thorsen@skiforbundet.no