Rapportane frå Hafjell er stort sett veldig positive. Treninga har vore godt organisert so det har vore effektive dagar på ski. For dei eldste har dagen starta tidleg ca. kl. 0700 med SG i første økt. Deretter har det vore ei SSL økt, no i helga blir det slalom.
Den yngste gruppa har trent modellar, SSL og SL.
Alt tyder på at dei få dagane løparane har fått på ski heime før jul og i romjula har gjort godt og dei er no i ferd med å finne formen til den komande rennsesongen. Med topp kompetanse frå Kjus rennski skule og lokale trenarar har framgangen også på denne samlinga vore stor.
I kveld (fredag) var det taco og pizza kveld og meldinga om at utvasken av hyttene IKKJE var med i prisen, var sjølvsagt dårleg, men vart fort gløymd når maten kom på bordet.
Dei nye jakkene til alpinistane i Sogn og Fjordane Skikrins vart utdelt på torsdags kveld og dei syner godt igjen på bilda som de ser.
Under ser de nokre bilder som vart tekne i dag på Hafjell.



Nesten heile Sogndalsjengen samla:
Øvst frå venstre: Karl Andrè Foss, Brede Senneseth Aaberge, Veroica Foss Hillestad, Silje Marie Foss, Kristin Nordnes, Marius Seim Brekke, Anna Schøyen og Sander Ness
Rekke to frå venstre: Ole Kenneth Lerum Hollekve, Thomas Nordnes
Nest frå venstre: Ane Malene Myklebust, Kristine Foss, Sindre Myklebust, Andreas Røysum, Julie Venes Røysum, Kristine Røysum.
Ikkje til stades (frå Sogndal IL) Carina og Andrine Øvreseth