Håpar alle er klare for nokre intensive og gode treningdagar i Sogn. Snakka med Peter i stad og han var so klar at han faktisk hadde tenkt å komme ein dag for tidleg, so han er på hugget.
Sogndal IL med Mona Foss og Geir Foss i spissen har alt klart både når det gjeld utstyr i bakken og mat/overnatting.
Minner foreldre om at ein treng hjelp under samlingane til staurbæring, skliing og i heile teke, skal samlingane bli ekstra gode MÅ vi alle bidra.
Anders Felde tek med ein del jakker innover so håpet er at dei fleste av løparane iallefall skal ha jakke i løpet av helga. Vi får ikkje tak i fleire S jakker so alle får nok ikkje, slik som det var tenkt, utøvarane blir prioritert.
Løparliste, gruppeinndeling og program for dagane finn du HER