Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 Visste du at...

...det er VM i telemark på Rjukan i 2011

 Tips en venn

Tips en venn om denne artikkelen. Fyll ut informasjonen under og klikk på send.
 
Ny god dag i Trondheim 
Skrevet av: Yngve Thorsen 
Sist oppdatert 05.02.2012 00:00 
Også søndag leverte langrennsløparane frå fylket mange gode prestasjonar under Norges Cupen i Granåsen.

Roger Øye Pollen (Førde IL) enda som nummer 26 i klasse M18.

 

Ikkje uventa stod førdianaren Gjøran Tefre nok ein gong for den sterkaste prestasjonen med ein 5. plass i klasse M18 år. Medan Mats Bjørnar Leirdal (IL Bjørn) fulgte godt opp med ein 17. plass i same klasse. Også 18 åringen Roger Øye Pollen (Førde IL) gjorde sine saker svært godt då han staka inn til 26. plass på den tøffe klassiske 10 kilometeren i Granåsen.

 

Vidare fortset Thomas S. Evjestad (IL Bjørn) å dokumentere god form, Evjestad enda til slutt som nummer 17 i eldste juniorklasse.

 

Andre lokale plasseringar: Norges Cup langrenn Granåsen, 05. februar 2012

- Marte Erfjord, Hafslo IL (K17); nr. 62

- Karoline H. Kyte, Førde IL (K19/20); nr. 45

- Johannes Lund, Kaupanger IL (M18); nr. 60

- Torstein Bu, Førde IL (M17); nr. 41

- Hallvard S. Evjestad, IL Bjørn (M19/20); nr. 46

- Jakob Meløy, Hafslo IL (M19/20); nr. 150

- Reinar Åland, Mesnali Skilag (tidl. Hornindal IL) (M. sr.); nr. 66

- Martin Hegrenes, Førde IL (M. sr.); nr. 68

 

Offisielle resultatlister finn ein på arrangøren sine nettsider.

 

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.
Besøksadresse:
Firdav. 6, Concord
6800 Førde
Postadresse:
Sogn og Fjordane skikrins
P.b. 221
6801 Førde

Telefon: +47 92 60 14 21

Mobil: +47 92 60 14 21

Fax: +47 57 76 12 19

E-post: yngve.thorsen@skiforbundet.no