Knapt 60 deltakarar på Fjord1 samling i Sogndal hadde tre flotte dagar på ski frå fredag-søndag. Peter og Sven frå Kjus rennskule hadde dei to eldste gruppene, medan Geir og Fredrik hadde ansvaret for den ynsgste gruppa. Samlinga var for 2001 modellar og eldre. Innsatsen var på topp stort sett heile tida, sjølv om det var ein del nysnø søndagen i tillegg til at det snøa heile dagen. Men mår foreldre står på og sklir so held løypene brukarbart likevel.
Sogndal IL organiserte felles middag på laurdags kvelden med heile 75 deltakarar.
Vi takkar Mona Foss og gjengen hennar for svært god innsats med å få gjennomført samlinga.
