Dette er ny rekord i tal deltakarar på miljøsamlingane og dette er vi veldig godt nøgde med. Med so stor påmelding og litt ruskete vær i vente kan det blir nokre utfordringar. Vi håpar foreldrene som er med løparane kan ta i eit tak og hjelpe litt til både i Jostedalen, på Byrkjelo og i Førde. Dette kan vere litt kjøkkenhjelp eller andre ting, fint om dykk tilbyr dykkar teneste til arrangørane.
Deltakarkontingenten på kr 100,- blir fakturert i etterkant av arr. Både Kaupanger, Jølster og Breimsbygda har gitt signal om at idrettslaget dekker kontingenten so der blir det fellesrekning.
Det har kome spm. om kor langt det er opp i Jostedalen, og ein må rekne med at det tek knappe 30 min. å køyre frå Gaupne.
Håpar alle får ein flott dag.....
Påmelde Sunnfjord
Påmelde Sogn
Påmelde Nordfjord
Miljøsamlingane blir avvikla sonevis slik:
| Miljøsamling |
Stad |
Dato |
Teknisk arr. |
| Sogn |
Gaupne |
22. okt. |
IL Bjørn, skigr. |
| Sunnfjord |
Langeland / Førde |
22. okt. |
Førde IL, langrenn |
| Nordfjord |
Byrkjelo |
22. okt. |
Breimsbygda IL, skigr. |
For kven:
Langrennsløparar, alpinistar, hopparar, kombinertløparar, skiskyttarar og telemarkutøvarar i aldersgruppa 11-16 år.
(f. 2001-1996)
Innhald:
Samlingane blir gjennomført på barmark, og er på tvers av alle skigreinene våre.
Dvs. at samlingane blir organisert som basissamlingar der ein m.a. har fokus på:
- koordinasjon
- balanse
- generell styrke og spenst
- uthald
- bevegelegheit
- m.m.
Program / informasjon
Program Nordfjord, BBIL
Program Sogn, IL Bjørn
Program Sunnfjord, Førde IL
Treingsavgift
Kr. 100,- pr. utøvar.
(tr. avgifta blir fakturert i etterkant samlinga)
Frist for påmelding:
tysdag 18. oktober
Påmelding gjer ein pr. e-post til:
anders.felde@skiforbundet.no
Kontaktperson:
Anders Felde, Sogn og Fjordane Skikrins
Tlf. nr.: 9285 7084
E-post: anders.felde@skiforbundet.no