Med stort og smått var det over 30 telemarkarar frå Syril og Bjørn under telemarksamlinga på Kvitfjell førre helg. I tillegg blei ei gruppe "jibbarar" frå miljøet med.
20 stk. kom torsdag kveld og fekk gode treningsmoglegheitar fredag i lag med andre regionar og landslaget. Det svenske og danske landslaget var og sterkt representert.
Fredag ettermiddag/kveld var det uttaksrenn til worldcup i klassisk sprint der utøvarane "våre" fekk lukta på nivået .
Det var norgescuprenn laurdag morgon og der stilte 4 gutar junior frå Syril og ei jente junior, samt 2 jenter i 12-13 år frå Bjørn klare til til norgescuprenn.
Dette var første skidagen for dei aller fleste frå Sogn og Fjordane, så løparane våre tok rennet som god trening og for å kjenna på nivået. Dei som ikkje deltok var med som heiagjeng og fekk trena på sidene av løypa. Fleire fekk lyst til å vera med ved seinare høve. So grunnlaget for ei god "satsingsgruppe" er der. I tillegg har me andre som vil bli med i fjelltelemark.
Under rennet viste utøvarane "våre" fin telemarkteknikk og meget god innsats. Sara Fiskaa Haugen var desverre uheldig med fall i begge omgangar, men viste at ho absolutt har ferdigheitar til å hevda seg på premieplass i jenter junior. Fleire bemerka den gode stilen hennar, og at ho kan nå langt om ho vil. Søstrene Andrea og Eirin køyrde med glimt i auga og gjorde det kjempebra i jenter 12-13 år. 1. og 3. plass!
I den største klassen gutar Junior, stilte Helge Henjum, Aslak Rockwell Djupedal, Øyvind Vagstad og Sjur Storevik Moe. Desse viste absolutt at dei har noko å gjera i denne "harde" klassen, og med vidare gode treningar kan ta nye steg ved neste høve på Geilo over nyttår. Helge blei best av våre med Aslak like bak. Tett etter fulgte Øyvind opp med Sjur ikkje langt bak.
So vi har ei god gruppe med gutar som kan lyfta kvarandre. I tillegg er det fleire som vil henga seg på i denne klassen.
Rennet var ein positiv opplevelse for deltakarane våre, og gav motivasjon for vidare satsing.
Og frå trenar (Eril Johannes Vangsnes) sin ståstad ga det og ei god peikepinn på at det er ei gruppe med kvalitetar som kan utviklast vidare.
No var dette ei breiddesamling med hovedhensikt å stå mest mogeleg variert på ski, for å koma godt igang med sesongen. Deltakarane nytta dei ulike traseane som var og blei klargjort iløpet av helga. Det var alt frå portkøyring, crossløype til frikøyring og hopping. Og aktiviteten var høg. Søndag blei det og avvikla eit uformelt paralellrenn der fleire utfordra kvarandre.
Deltakarane frå Sogn var svært nøgde ,og det er heilt klart at dei alle har fått den gode sesongstarten ein var ute etter.
Satsinga `Telemarknedslaget` med Morten Nordli og hengaren var sterkt tilstades under samlinga. Og under trekninga ute ved hengaren laurdagskvelden var flesteparten frå samlinga (over 200 pers) samla. Og der vann Andrea Fiskaa Haugen klokka til verdi kr. 5000 ! Ikkje tvil om at ho hadde si livs helg.
Og me gler oss til Telemarknedslaget kjem til Sogn Skisenter 22. januar!

Aslak Rockwell Djupedal frå Syril i svevet.

Andrea Fiskaa Haugen frå IL Bjørn i ein nydeleg telemarksving.

Frode Vangsnes, Arne Monrad Johnsen og Egil Johannes Vangsnes varmar seg.
Dersom vi får tak i fleire bilder blir dette lagt ut seinare.