Reisebrev frå Hintertux.
Sogn og Fjordane Skikrins Alpin er på treningssamling i Austerrike, det er 5. gangen vi er her, og vi kjenner oss etter kvart litt heime i traseane på breane, Gefroene Wand, Kasere og Olpere.
Etter 3 dagar i Zillerthal er me komne godt inn i 4 rettars middagar og behageleg hotelliv her på Hotel Tirolerhof. Det sportslege utbyttet så langt har vore ski på beina og frikøyring i nysnø på søndag. Det handla om å finna posisjon på skia etter ein lang sommarferie, der alle sommarskisentera i Noreg måtte stenga.
Måndag vurderte Peter Lederer og Sven Ulrich, trenarane våre frå Kjus Rennskole, at veret rett og slett var for dårleg til å reisa opp på breen. Dagen vart nytta til gode økter med barmarkstrening, og litt sightseeing i Mayrhofen.
Tysdag har vi hatt to lange gode økter med slalåm og veret var fint om enn litt vind. Begge gruppene fekk treningsfelt i Olpere og det har vi fått i morgon og, praktisk sidan det er nokre foreldre som har aktive i begge grupper.
Flotte treningsforhold med mykje nysnø, men vi ønskjer oss kanskje litt fastare snø. Utover veka er det meldt godt vèr og vi ser fram til flotte dagar på Hintertux breen.
Onsdag var det sur vind tidleg på dag, men heldigvis kom det seg utover dagen og dagen avslutta med finevær.
For Sogn og Fjordane Skikrins, Lilly Schøyen