Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 Visste du at...

...det er VM i nordiske grener i Oslo 2011

 Tips en venn

Tips en venn om denne artikkelen. Fyll ut informasjonen under og klikk på send.
 
God trening på Haugen 
Skrevet av: Anders Felde 
Sist oppdatert 01.11.2011 00:00 
22 løparar på barmarkssamling på Haugen 29.-30. oktober.
 

Vi takkar Haugen IL for arbeidet med mat og overnatting, og tilrettelegging av treninga. Geir Foss var sjefstrenar og vi har berre fått gode tilbakemeldingar på trenings som vart gjennomført.-

 

Rapport frå Geir:

22 ivrige alpin utøvarar møtte til barmark trening der koordinasjon/ balanse og styrke var første økta. Denne økta varte fra kl 1030-1230

 

Koordinasjonen var på topp og me fekk derfor gjort mange og gode øvelsar.

Balansetreninga vart gjort med enkelt øvelsar og par øvelsar. Me hadde og ei løype i hallen med mange moment av balanse. Til slutt i første økta trente me styrke. Spesielt mage, rygg og buk øvelsar. Dette er muskelgrupper som er veldig viktig for ein alpinst å trene og vere sterk i.

Heile første økta var me inne i sal på Stårheim skule og me boltra oss godt.

 

Kl 1300 var det lunsj og litt sosialt etterpå. Nokre valte å kvile og nokre få sov også.

 

Kl 1500-1700 var det hurtigheit og intervall trening.

Dette trente me ute på grusbana v/ skulen.

 

Hurtigheits treninga gjekk føre seg med mange forskjellige øvelsar, og god trøkk.

I dag hadde me ei litt anna intervall økt enn me pleier å ha, men likevel ei god økt. Trur det er ein fordel å lære fleire måtar å trene på slik at ein kan variere programma når ein kjem heim og skal trene i eigen klubb.

 

Felles taco fra Haugen alpin om kvelden var godt og sosialt.

 

Søndag 30.10.2011

 

1 økta i dag starta kl 0930-1130.

Det vart ei god økt med spenst, stabilitet og styrke.

Spenst økta varierte me med masse forskjellige enkelt øvelsar og me hadde sirkeltrening med spenst.

Deretter vart det mykje stabilitet og styrke, som gjekk på mage, rygg og buk.

Dette er øvelsar som bør gjerast i alle fall annakvar dag.

 

Så var det lunsj kl 1200 og kvile.

 

1330 starta me uthaldsøkta.

Gruppa vart delt i 2

2000 mod og 1999 mod sprang ca 5-6 km med Geir Ove og Rune.

Den eldste gruppa sprang ei løype på ca 11 km som Åge hadde funne til oss.

Dette var ei flott løype der me ikkje var heilt fri fra gjørme når me dusja etterpå.

 

Samla sett var dette ei vellukka samling der eg ser at dei som har trent barmark i sommar/haust ligg nok litt føre dei som ikkje har trent so mykje.

 

Bilder frå Mona Sårheim:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Meir bilder på BBIL sine nettsider

 

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.
Besøksadresse:
Firdav. 6, Concord
6800 Førde
Postadresse:
Sogn og Fjordane skikrins
P.b. 221
6801 Førde

Telefon: +47 92 60 14 21

Mobil: +47 92 60 14 21

Fax: +47 57 76 12 19

E-post: yngve.thorsen@skiforbundet.no