Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 Visste du at...

...første kvinne-VM i hopp var i 2009

 Tips en venn

Tips en venn om denne artikkelen. Fyll ut informasjonen under og klikk på send.
 
Vellukka Fjord1 samling 
Skrevet av: Anders Felde 
Sist oppdatert 28.11.2011 00:00 
Berre gode tilbakemeldingar frå alpinistane som deltok på Fjord1 samlinga på Kvitfjell.

60 løparar deltok på Fjord samlinga på Kvitfjell frå 24.-27. november. Til tross for lite snø og få heisa som var opne så fekk ein gode treningsforhold.

 

Torsdag og fredag hadde ein bra med plass og alle 4 gruppene fekk trent godt. 3 trenarar frå Kjus rennskiskule hadde ei gruppe kvar frå og med født år 2000 og eldre, medan Geir Foss, Martin Olav Sennseth og Fredrik Sårheim hadde ansvaret for den yngste gruppa.

 

Hardt underlag gjorde at ein eigentleg fekk veldig god trening, både torsdag og fredag vart det trent storslalom hos dei 3 eldste gruppene. Den yngste gruppa hadde stort sett organisert frikøyring og modellar.

 

Laurdag og søndag var det vesentleg meir folk i bakken og det vart tre økter på 1,5-2 timar og frikøyring/pause ut over dette. Tidleg start om morgonen og siste økt med start kl. 1800 førte til lange dagar, men humøret var stort sett på topp. Felles middag på fredags kvelden. Både laurdag og søndag vart det trent slalom.

 

Trenarane rapporterer om stor framgang hos samtlege. FIS-løparane vart rappportert å ha slalomforma inne og det er viktig før dei skal ut i sine første FIS-renn denne veka.

 

Nokre mindre skadar vart det, ein måtte innom sjukehus, men vart rapportert å vere på betringensveg på søndag og fekk vere med heim.

 

Under finn de bilder som vi har fått frå Tor Starheim og Mona Sårheim.

 

Flotte forhold og lite folk i bakken, iallefall akkurat her.

 

Martin Olav, Fredrik og Geir hadde god kontroll på dei yngste

 

Blå himmel og yngste gruppe er klare til start

 

 Peter og Sven informerer litt før start

 

 Mons og Anders, staute karar med rett bekledning....

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.
Besøksadresse:
Firdav. 6, Concord
6800 Førde
Postadresse:
Sogn og Fjordane skikrins
P.b. 221
6801 Førde

Telefon: +47 92 60 14 21

Mobil: +47 92 60 14 21

Fax: +47 57 76 12 19

E-post: yngve.thorsen@skiforbundet.no