Thomas Sårheim (BBIL), Edvin Fonn Sårheim (BBIL), Bertil Hamar (Jølster IL), Åge Solheim (Haugen IL) og Mats Engeland (Haugen IL) deltek på årets første FIS-renn på Geilo 01.-02. des. Begge renna er i slalom, og i desse renna prioriterer ein juniorane slik at dei skal få ein god start på sesongen.
Edvin, Åge og Mats er alle førstereisgutar på FIS og stiller med totalt "blanke" ark. Det vil seie at dei startar heilt sist og gjennom gode prestasjonar utover i sesongen køyrer dei ned sine FIS-punkt og får med dette betre og betre startnummer.
Både Thomas og Bertil har eit års erfaring i FIS-systemet, og har såleis eit noko betre utgangspunkt når det gjeld startrekkjefølgja.
Alle løparane har vore gjennom ei 4 dagers samling på Kvitfjell og rapportane derifrå er at dei køyrer betre på ski pådenne tid i år enn dei gjorde i fjor på samme tid.
I tillegg til løparane ovanfor stiller Drud Aarnes Sørgård (Stryn T & IL), som går på NTG Geilo og Ivar Fugle Norhaug (Førde IL), som går på Skigymnas på Oppdal.
Mons Solheim er hovudleiar under FIS-renna og han har tlf. 480 95 614. For andre spm. kontakt Anders Felde tlf. 9285 7084 eller anders.felde@skiforbundet.no