Jølster IL står føre sitt største arrangement nokon gong, då den alpine landsfinalen for 12-13 åringar går av stabelen 18.-20. mars.
Omlag 120 gutar og 80 jenter skal tevle i slalåm, storslalåm og super G. Når ein reknar med foreldre, søsken, leiarar og trenarar vil det vere mellom 500 og 600 tilreisande i samband med arrangementet.
Sogn og Fjordane Skikrins har ein kvote på ni utøvarar til Telenorleikane.
Desse er:
- Andrine Mårstøl, Haugen IL
- Andrine T. Øvreseth, Sogndal IL
- Julie H. Felde, BBIL
- Johannes Betten, Førde IL
- Andreas Strand, Jølster IL
- Elias Åsebø, Haugen IL
- Mathias Hagen, Jølster IL
- Jørgen Lambrecths, Førde IL
- Markvard Årset, Jølster IL
I tillegg stiller følgjande utøvarar på Jølster IL sin arrangørkvote:
- Krister Smådal, Jølster IL
- Martin Årset Hestad, Jølster IL
- Johannes Siem, Jølster IL
- Lone Sandøy, Jølster IL
- Jenny Steinsund, Jølster IL
- Rakel Torpe, Jølster IL
Alle konkurransane er lagde til Kvamsbakken, den øvste delen i skisenteret.
Det blir elles "live timing" under arrangementet, og passering- og sluttider blir overført direkte på storskjerm i målområdet.
Meir informasjon om Telenorleikane 2011 finn ein her.