Sætren som fyller 80 år til våren, har lagt ned ein eineståande innsats til beste for idretten både i Markane IL og i Sogn og Fjordane Skikrins. Han har også vore nytta som anleggsrådgjevar i skiforbundet for langrenn og hopp.
Sætren har vore engasjert i Markane IL sidan 1950-talet, i 1968 vart han vald som leiar i Fjordane Skikrins. Seinare vart han leiar i skikrinsen sin langrennskomitè, i tillegg har han vore medlem av hopp- og kombinertkomiteen samt leiar i anleggskomiteen.
Ola Sætren er B-trenar i langrenn, og har vore autorisert hoppdommar frå 1962. Han har med autorisasjon vore anleggsrådgjevar for skiforbundet både i langrenn og hopp.
Til Fjordingen seier Sætren at konstrueringa av 90-metersbakken på Vangen er noko av det han hugsar best.
Prisvinnaren har tidlegare fått Sogn og Fjordane Skikrins sitt heidersteikn med diplom og Norges Skiforbund sin heiderstatuett.