I følgje leiar i alpingruppa i Breimsbygda IL, Anders Felde, er det pr. i dag nok snø, men veldig bløtt i bakken. Difor har ein allereie no teke avgjerda om å avlyse det tradisjonsrike rennet.
Det er forøvrig greie forhold til å køyre i bakken, men ikkje gode nok forhold til å avvikle rennet på ein forsvarleg måte, opplyser Anders Felde.