Nærare 30 alpinistar frå fjordafylket har teke turen til Østerrike i samband med Sogn og Fjordane Skikrins si Fjord1 samling i Hintertux i haustferien.
Reisebrev frå Hintertux
I strålande vèr og med fantastiske skiforhold er samlinga her i Hintertux godt i gang.
Vi har hatt 3 dagar med storslalåm i superpreppa løyper. Frå Kjus Rennskule stiller Sven Ulrich som trenar for dei yngste og Peter Lederer for dei eldste. Sven si gruppe har hatt ein og ein halv dag i Olpere og ein og ein halv dag i Kaesere, og det same med Peter si gruppe. I morgon torsdag (14.10) vert første dag med Slalåm, traseane er ikkje klar nett enno.
Når vi kjem ned frå breen er det barmark og video her skifter gruppene plass, så ei gruppe ser video først og den andre er ute i friluft og trenar, så byter dei om.
Treninga på breen starta for begge gruppene med basisøvelsar. Her var som vanleg beskjedane om å: ”komme opp i kroppen, hofteplassering og trykk på ytterski, vinkling av kne osb. ”
Hotel Tirolerhof har som vanleg teke godt i mot oss og sørgjer for at ingen går svoltne til køys, som for øvrig skjer etter nøye fastsette reglar. Sven si gruppe køyar kl 21.00 og Peter si kl. 21.30. Det høyrest kanskje tidleg ut, men med start på dagen ca. kl. 07.00 er alle oppbrukte når det lir til sengetid.
I kjellaren på hotellet disponerar vi ein stor garasje til prepping av ski, der gode råd og hjelpande hender florerar.
Med venleg helsing
Lilly Schøyen (s)
leiar alpinkomiteen
Under finn ein stemingsbileter frå samlinga:



Kristine Nygård (Førde IL) blir instruert av Sven Ullrich.