Atle Sæterbakken har bakgrunn som tidlegare aktiv alpinist, og er for tida tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane avd. idrett og lærarutdanning.
Kommande sesong tek Sæterbakken over ansvaret for den fysiske treninga til dei mest lovande alpinistane i fylket. Sæterbakken si oppgåve blir først og fremst å leie barmarkssamlingane og leggje til rette for at alpinistane får eit bedre fysisk grunnlag til vinteren.
Det er også ei viktig målsetjing å bruke kompetansen til Sæterbakken aktivt, slik at ein sikrar kompetanseflyt frå fysisk trenar til utøvarar og lokale klubbtrenarar.
Til liks med dei siste åra skal Kjus Rennskule fortsatt ha det sportslege ansvaret for skisamlingane.
Meir informasjon om krinslaget og samlingsplan.