Påmeldinga gjeld alle løparar som skal køyre FIS-renn kommande sesong. Dvs. at løparar født 1996 og tidlegare har anledning til å stå på lista.
For å delta i alpine FIS-renn må løparen stå på FIS-lista og ha eige codexnummer.
AD-SKJEMA
Nye løparar må underteikne FIS løparerklæring (Athlete`s Declaration for an International (FIS) Licence).
Løparar som tidlegare har stått på FIS-lista treng ikkje underteikne skjemaet på nytt!
FIS-løparerklæring (AD-skjema).
NB! Løparar under 18 år må ha foreldre/ føresatte si underskrift. YB betyr year born/ fødselsår.
Fyll ut fødselsdag, månad og år.
FIS-LISTE SESONGEN 2010 /2011
FIS-liste for sesongen 2010/ 2011 finn ein her.
AVMELDING
Aktuelle løparar som står oppført på FIS-lista for sesongen 2010/ 2011, men som ikkje skal delta i alpine FIS renn kommande sesong gjev tilbakemelding til krinskontoret om evt. stryking frå lista.
PRIS
Prisen for å stå på FIS-lista er kr 375,- pr. løpar. Etteranmelding kostar kr 700,-.
Minner nok ein gong om at frist for påmelding/ avmelding til FIS-lista er måndag 31. mai 2011.
Innmelding gjer ein til; yngve.thorsen@skiforbundet.no
Spørsmål rettast til underteikna!
Med venleg helsing
Sogn og Fjordane Skikrins
Yngve Thorsen (s)
Adm. sjef
Tlf. nr. 92 60 14 21