Arrangementet til alpingruppa i Sogndal IL 30.-31. januar blir flytta til Harpefossen Skisenter.
Ny arrangør er alpingruppa i Haugen IL.
Årsaka til at rennet blir flytta er forholdet til turistane, samt noko marginale snøforhold i Sogn Skisenter (Heggmyrane).
Frå skisenteret si side har ein fått tilbod om å gjennomføre eit kveldsrenn laurdag og eit morgonrenn søndag med start kl. 08.00. M.o.t. dei tilreisande frå sunnfjord og nordfjord samt dei yngste alpinistane er ein så tidleg rennstart svært lite gunstig.
I samråd med TD har ein difor valt å flytte rennet til Harpefossen Skisenter.
Innbyding og informasjon om arrangementet på Harpefossen finn ein på www.skikrinsen.no tysdag 26. januar seinast kl. 22.00!
Lilly Schøyen (s) Yngve Thorsen (s)
leiar alpinkomiteen adm. sjef