-Rennleiar og primusmotor i alpinmiljøet på Jølster, Atle Hamar, seier han er godt nøgd med at nærare 100 alpinistar frå inn- og utland finn vegen til Jølster 24.-25. februar.
-Dette er i overkant av kva vi håpte på, sjølv om vi gjerne skulle hatt nokre fleire løparar i kvinneklassa seier Hamar.
Totalt er det påmeldt 70 løparar i herreklassa og 25 i kvinneklassa.
Oppdaterte lister med påmeldingar og meir informasjon om FIS-renna på Jølster og Voss finn ein under.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Voss og Jølster Alpin ynskjer velkommen til 5 dagar med FIS-renn i vakker Vestlandsnatur.
I perioden 24.-28. februar arrangerar Voss og Jølster Alpin 3 x SL og 2 x SSL renn med felles cup-premiering og flotte ekstrapermiar.
Vestlandscupen startar med 2 x SL i Jølster og fortset med kveldsrenn i SL og to gonger SSL på Voss.
Påmeldingsliste, FIS Jølster Herrar pr. 23.02.2010
Påmeldingsliste, FIS Jølster Kvinner pr. 23.02.2010
Les meir om Vestlandscupen her.