Totalt deltok 26 alpinistar i alderen 12-17 år på samlinga som vart leia av Peter Lederer.
Planen var å køyre SG og SSL, men tilhøva i bakken var dessverre ikkje gode nok til SG grunna 15-20 cm nysnø natt til fredag.
Difor vart planen endra, og det vart gjennomført to økter med SSL fredag og ei økt laurdag.
Resten av samlinga vart det køyrt SL.
Forholda i bakken var svært gode, takka vere god innsats frå "preppe-gjengen" i Harpefossen Skisenter samt foreldre som bidrog med skliing og "rigging" av løyper.
Med start i åtte-tida om morgonen og avslutning med video på ettermiddagen vart det lange og travle dagar både for løparar, trenarar og føresette. Likevel var det mange som stilte opp på akekonkurranse og grilling i SFE-heisen laurdag kveld.
Peter Lederer sa sjølv at det var kjekt å ta turen til Sogn og Fjordane og Harpefossen, og at han ville kome tilbake ved eit seinare høve. Noko vi sjølvsagt ser fram til!
Ref. Lisbeth Englund Espe.
Bilete frå samlinga finn ein under




