Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
Nytt påmeldingssystem 
Skrevet av: Øystein Lunde/ Yngve Thorsen 
Sist oppdatert  
Frå måndag 02. november tek Norges Skiforbund i bruk eit nytt påmeldingssystem.

Min Idrett
Offentleg (open) påmelding direkte frå terminlista blir stengt måndag 02. november.
Etter denne datoen vil all Online påmelding skje via Min Idrett.

 

Når ein skal melde seg på til eit bestemt renn via terminlista kjem ein automatisk til pålogginggssida i Min Idrett. Dersom ein ikkje har brukarnavn og passord finst det ein registreringsfunksjon på påloggingssida.

 

SportsAdmin
Dersom ein er påmeldingsansvarleg i eit lag gjer ein "lagvis" påmelding i SportsAdmin, men også her "loggar" ein seg inn via Min Idrett. Personar som er påmeldingsansvarleg eller arrangementansvarleg i laget, og som ikkje har fått oppretta tilgang i SportsAdmin sender ein e-post til Sogn og Fjordane Skikrins v/ Yngve Thorsen  (sjå info. under).

 

Registrering av funksjonar i SportsAdmin for påmeldings-/ og arrangementansvarleg i laget

For å gjere overgangen til SportsAdmin så enkel som mogleg, ber Sogn og Fjordane Skikrins om at laga så fort som mogleg sender ein e-post til krinskontoret med navn, e-postadresse og f. dato/ idrettsnummer på personane i laget som har følgjande funksjonar:


- arrangementansvarleg

- påmeldingsansvarleg (dvs. ansvarleg for å melde på laget sine løparar til renn)

 

Norges Skiforbund/ Sogn og Fjordane Skikrins vil deretter sørge for at desse personane blir tilsendt brukarnavn og passord slik at dei får riktig tilgang i systemet.

 

For tekniske spørsmål, kontakt klubbsupport@idrettsforbundet.no, tlf. 815 68 815.

 

Med venleg helsing

Sogn og Fjordane Skikrins

 

Ynge Thorsen (s)
Adm. sjef

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.
Besøksadresse:
Firdav. 6, Concord
6800 Førde
Postadresse:
Sogn og Fjordane skikrins
P.b. 221
6801 Førde

Telefon: +47 92 60 14 21

Mobil: +47 92 60 14 21

Fax: +47 57 76 12 19

E-post: yngve.thorsen@skiforbundet.no