Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 Visste du at...

...det er VM i freestyle i Voss 2013

 Tips en venn

Tips en venn om denne artikkelen. Fyll ut informasjonen under og klikk på send.
 
FIS renn og meisterskap 
Skrevet av: Anders Felde 
Sist oppdatert 28.11.2011 00:00 
Reservasjon av innkvartering
Sogn og Fjordane Skikrins reserverar eit stipulert tal overnattingsplassar i samband med utvalte FIS renn og meisterskap i alpint. Det er reservert overnatting samla for heile krinsen (løparar, støtteapparat, klubbleiarar og føresette) slik at vi oppnår gunstige prisar, samstundes er det positivt at alle frå krinsen bur samla.

 

Bestillingsfristar, avbestillingsfristar og øvrige rammevilkår blir sett av kvar einskild overnattingsstad.

 

Merk at alle bestillingar er bindande. Ved forfall må løpar/ føresett nytte seg av eiga reiseforsikring ved eventuell refusjon.

 

Ved hotell o.l. skjer oppgjeret direkte mellom overnattingsstaden og utøvaren evt. etter nærare avtale.

 

Ved reiser til FIS renn og meisterskap i sør Norge ordnar løparar, støtteapparat, klubbleiarar og føresette transport sjølve. Når det er behov for flyreise, t.d. i samband med arrangement i nord Norge ordnar krinskontoret transport.

 

Påmelding
Påmelding til dei ulike arrangementa skjer gjennom krinskontoret, til anders.felde@skiforbundet.no

 

Startkontingenten ifbm. FIS renn er kr. 310,- pr. renn.

Kontingenten vert forskottert av skikrinsen, deretter vert kvar einskild utøvar fakturert ved slutten av sesongen. Elles får samtlege FIS-løparar i Sogn og Fjordane dekka startkontingent ifbm. fem FIS renn i sesongen.

 

Ver elles merksam på at alpinkomiteen dekkjer startkontingenten ifbm. NM, jr. NM, Hovudlandsrenn og Landsfinale/ Telenorleikane.

 

Detaljinformasjon om dei ulike arrangementa finn ein i "rullegardin" menyen ovanfor.

 

Med venleg helsing

Sogn og Fjordane Skikrins

 

Lilly Schøyen (s)                                         Anders Felde (s)

leiar AK                                                     konsulent skikrinsen

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.