Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 Visste du at...

... Norge har vunnet 187 VM-medaljer fra 1987-2007 i telemark?

 Tips en venn

Tips en venn om denne artikkelen. Fyll ut informasjonen under og klikk på send.
 
Ungdomsstafetten 2012 
Skrevet av: Yngve Thorsen 
Sist oppdatert 08.03.2012 00:00 

 

 

UNGDOMSSTAFETTEN, 11. MARS 2012

Generell info. Ungdomsstafetten er ein mixed stafett over fire etappar à 3,75 km. Alle etappane er i friteknikk. Sogn og Fjordane Skikrins har meldt på to lag til stafetten.

Stad

Holmenkollen

Dato

10. mars 2012

Lagssamansetjing og etappar

1. etappe: J15 / 3,75 km fri

2. etappe: G15 / 3,75 km fri

3. etappe: J16 / 3,75 km fri

4. etappe: G16 / 3,75 km fri 

Reisemåte

Privatbilar

Utøvarar 15-16 åringar

Overnatting

Thon Hotell Ullevål er base for arrangementet, og Sogn og Fjordane Skikrins har reservert overnatting der.

 

Innkvartering vil skje på singel, dobbel eller trippelrom frå 09.-10. mars 2012.

 

Følgjande inngår i pakkeprisen pr. person:

 

Overnatting med frukost, matpakke med drikke og pizzabuffè:

 

Prisar pr. person:

- Singelrom: Kr 1 100,-

- Dobbeltrom: Kr 750,-

- Trippelrom: Kr 680,-

 

Tilbodet gjeld utøvarar og foreldre (evt. søsken).

 

Frist for reservasjon av innkvartering for uttekne løparar (og foreldre) er fredag 24. februar 2012.

 

Reservasjon av innkvartering gjer ein til krinskontoret pr. e-post: yngve.thorsen@skiforbundet.no

Program

Fredag 09. mars

- kl. 18.00: Løypebesiktigelse

- kl. 18.30: Lagleiarmøte

- kl. 20.00: Utdeling av startnummer, informasjon m.m.

 

Laurdag 10. mars
- kl. 11.00: Avreise til Holmenkollen - 50 km herrar

- kl. 16.00-16.45: Oppvarming/ løypetest

- kl. 17.00: Ungdomsstafetten 2012

- kl. 18.00: Premieutdeling

- kl. 18.30: Retur

Sekreteriat

Thon Hotell Ullevål og Holmenkollen

Treningstider På grunn av at ein skal inn i arenaer der det er stor aktivitet heile veka, vil tid til trening bli avgrensa. Treningstid er difor sett til fredag kveld.
Smørebod

I Holmenkollen blir det ikkje tilgang til smøretelt/ bod, men det blir etablert eit eige smøreområde i parkeringskjellaren til Thon Hotell Ullevål stadion. Avsluttande "topping" gjer ein i Kollen, der vi har tilholdsstad rett ved testløype.

 

Ski i skitrekk kan oppbevarast på hotellromma. Smørebukkar etc. oppbevarar ein i eige rom ved resepsjonen.

Transport

Fredag 09. mars
Bussavgang frå Thon Hotell Ullevål ifbm. besiktigelse kl. 17.00. Retur frå Holmenkollen kl. 19.00

 

Laurdag 10. mars

Bussavgang frå Thon Hotell Ullevål kl. 11.00

 

Bussbillettane blir bestilt på førehand (saman med påmelding). Prisen er kr. 150,- pr. person. Dette dekker  2 x tur/retur Kollen med innkøyring heilt til start.

 

Bussbillettane gjeld utøvarar, trenarar, foreldre og andre som ynskjer å vere med opp.

Akkreditering

Akkreditering gjev adgang til generelle publikumsområde (ikkje tribuner). Ynskjer ein tribunebillettar kan dette bestillast av den einskilde på nettsidene til World Cup arrangøren (www.holmenkollen-worldcup.no)

 

NB! Akkreditering for løparar og støtteapparat gjeld fredag - søndag. Det er 11 akkrediteringar pr. krets. 8 løparar og 3 leiarar. Øvrige må rekne med å løyse billettar.

 

Leiarar som får akkreditering er:

 

- John Olaf Røhme (hovudleiar)

- Oddmund Lefdal (langrennskomiteen)

- Torunn Grut (langrennskomiteen)

 

Det blir elles jobba med å auke tal akkrediteringar til 17 personar for Sogn og Fjordane Skikrins. Om ein klarer å få dette til er uvisst.

Greinleiar

Arthur Hegrenes (993 95 840)

Hovudleiar

John Olaf Røhme (900 62 845)

Adm. ansv.

Yngve Thorsen (926 01 421)

Uttakskriterie

Når det gjeld uttaket til stafetten har langrennskomiteen gjort følgjande vedtak:

 

Langrennskomiteen gjer vedtak om at Oddmund Lefdal, John Olaf Røhme og Torunn gjer uttak til Ungdomsstafetten 2012.

 

Uttaket skal gjerast ut i frå ei objektiv totalvurdering m.a. basert på resultata frå krinsmeisterskapen 2012. Komiteen gjer vidare vedtak om at utøvarar som prioriterar langrenn skal prioriterast i uttaket.

Oversikt over uttekne løparar

Lag 1)

1. etp.: Karoline Erdal (Førde IL), J15

2. etp.: Andreas Rauset (Fj./ Vereide IL), G15

3. etp.: Bertine T. Lefdal (IL Bjørn), J16

4. etp.: Edvard Grut Andersen (Syril IL), G16

 

Lag 2
1. etp.: Marita Sekse (Hafslo IL), J15

2. etp.: Adrian Helgheim (Førde IL), G15

3. etp.: Ane Ø. Røhme (IL Bjørn, J16

4. etp.: Sivert Fodnes (ÅTIL),G16

 

Nettside www.ungdomsstafetten.com

 

Overnattingsliste: Ungdomstafetten
Oppdatert 08.03.2012
Namn Ankomst Avreise Type rom
Karoline Erdal 09.mar 10.mar Trippelrom
Bertine T. Lefdal 09.mar 10.mar Trippelrom
Torunn Grut 09.mar 10.mar Trippelrom
       
Ane Ø Røhme 09.mar 10.mar Dobbeltrom
John Olaf Røhme 09.mar 10.mar Dobbeltrom
       
Adrian Helgheim 09.mar 11.mar Trippelrom
Arne Helgheim 09.mar 11.mar Trippelrom
Fru Helgheim 09.mar 11.mar Trippelrom 
Marita Sekse 09.mar 10.mar Dobbeltrom
Jorunn H. Sekse 09.mar 10.mar Dobbeltrom
       
Edvard Grut Andersen 09.mar 10.mar Dobbeltrom
Rune Andersen 09.mar 10.mar Dobbeltrom
       
Andreas Rauset 09.mar 11.mar Dobbeltrom
Eivind Rauset 09.mar 11.mar Dobbeltrom
Sivert Fodnes 09.mar 11.mar Dobbeltrom
Arvid Fodnes 09.mar 11.mar Dobbeltrom

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.
Besøksadresse:
Firdav. 6, Concord
6800 Førde
Postadresse:
Sogn og Fjordane skikrins
P.b. 221
6801 Førde

Telefon: +47 92 60 14 21

Mobil: +47 92 60 14 21

Fax: +47 57 76 12 19

E-post: yngve.thorsen@skiforbundet.no