Artikkelbilder

Klikk på bildene for å zoome

 
SFEhopp Cup reglement 
Skrevet av: Yngve Thorsen 
Sist oppdatert 19.01.2012 00:00 

HK / KK vidarefører rekutterings-cupen i hopp med same regelverk som i fjor, men med tydelegare presisering av startkontingent.

SFE-cupen  har tre parallelle cup`ar med 4 lokale renn i kvar del av fylket, før ein møtest til ein felles finale som i år blir arrangert av IL Veten i Bjørkelibakkane.

 

Spørsmål ved gjennomføring stilast til adm. sjef Yngve Thorsen (tlf. 92601421) eller komitemedlem,  og ansvarleg for gjennomføring,  Jon Ove Lomheim (tlf. 91721076)

 

Alder og bakke inndeling:

10 år og yngre:           max K-20    11-12 år:                 max K-35

13 år –14  år              max K-50     15 år og eldre           max K-70

 

Men det er fritt val for arrangør og løparar å velja mindre bakkar.
 

Klasseinndeling (konkurranseklassar)

Klasseinndeling er 10 år og yngre (ei klasse), 11-12 år, 13-14 år, 15-16 år og 17 år og eldre.  Det skal heile tida vere separate klassar for jenter og gutar, dvs. at gutar og jenter skal ha kvar si resultatliste og premierast kvar for seg.

 

Berre lengde er teljande i lokalrenn:

Det som er spesielt med desse renna er at det berrre er lengde som er teljande, stildømming blir ikkje gjennomført i denne cup`en. Det vil heller ikkje telje negativt med fall. Det blir lagt opp til minimum to omgangar, helst tre omgangar i kvart renn der to er teljande.

 

Finalerennet gjennomførast med stildømming til liks med vanlege krinsrenn.

For finalerennet gjeld vanleg startkontingent til arrangør og deltakaravgift til Skikrinsen, samt premiering av arrangør . 

 

Premiering:        

1.       Premiering i lokalrenn (enkeltrenn).

a.        I klassen 10 år og yngre skal alle ha ein liten minnepremie

      (enkel  medalje) i kvart lokalrenn. 

b.        I årsklassane 11 år eldre er det ingen premiering for enkeltrenn,

      berre samanlagtpremie.

2.       Samanlagtpremiering.

 

a.       Ingen samanlagtpremiering i klassen 10 år og yngre. 

b.       I klassane 11 år og eldre får alle minnepremie som har delteke i

     tre  renn av 5 renn.
Dei tre beste i kvar klasse får gradert premie, men føresett at ein har delteke i minst to lokalrenn. 

     Resten får lik deltakarpremie/ minnepremie.

3.         Lagspremie.

a.      Alle deltakarar opp til 16 år gjev laget 1 poeng  for kvart renn i dei lokale renna. 

b.      Ein summerar alle poenga i dei lokale renna frå året før.  I tillegg får laga poeng tilsvarande auka poengsum i høve til fjoråret (dersom laget får mindre poengsum enn i fjor vert det ingen frådrag).

c.      Beste lag i kvar region vinn ein premie på kr. 1 000,-.

4.       Individuell poengberekning  i klassane 11 år og eldre:

a.      Deltakar (hoppar) får poeng i kvart renn ut frå poengsystemet som står opplista nedanfor.

b.      Berre 3 lokale renn tel i samandraget, dvs. dårlegaste poengsum i lokale renn kan strykast om hoppar deltek i 4 lokale renn.

c.      I finalerennet vert poengberekninga tredobla.

 

Poengberekning.

1. plass - 30 poeng              2. plass - 25 poeng              3. plass - 20 poeng

4. plass - 17 poeng              5. plass - 14 poeng              6. - 16 plass gir 11- 1 poeng 

 

Lik plassering gir same poengsum. Neste plass på poengskalaen skal då hoppast over.

Døme: Delt 3. plass gir 20 poeng til begge. 5.plass gir då 14. poeng.

 

Startkontingent:

Kr. 30,- for eit renn og kr. 60,- for to eller fleire lokalrenn innbetalast til Skikrinsen. 
Laget sin deltakar  er ansvarleg for innbetaling til krinsen og laget avgjer sjølv om deltakar eller laget betalar dette.

 

Resultat:                                                                                           

Skal mailast til krinskontoret umiddelbart og så vil  resultat bli lagt inn på internett.  Krinsen held oppdatert poengberekningsliste etter kvart renn som vert innmeldt.

 
Facebook ikone Twitter ikone
 
© Norges Skiforbund.
Kontakt: Norges Skiforbund post@skiforbundet.no – Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til skiforbundet.no. Foto: Norges Skiforbund.
Besøksadresse:
Firdav. 6, Concord
6800 Førde
Postadresse:
Sogn og Fjordane skikrins
P.b. 221
6801 Førde

Telefon: +47 92 60 14 21

Mobil: +47 92 60 14 21

Fax: +47 57 76 12 19

E-post: yngve.thorsen@skiforbundet.no